Lokallagsleiar Sveinung Stensletten er skuffa over at Os Venstre ikkje er invitert med i val-debatten.
Lokallagsleiar Sveinung Stensletten er skuffa over at Os Venstre ikkje er invitert med i val-debatten.

Får ikkje delta i valdebatt - skuffa over NRK

Fredag skal H, Ap, Frp, TvS og MDG debattera Os-politikk om bord i NRK Hordalands valferje.- Frustrerande at vi ikkje er inviterte, seier Sveinung Stensletten i Os Venstre.

Leiar i Os Venstre, Sveinung Stensletten, reagerer sterkt på at dei minste partia i kommunen, deriblant hans eige, ikkje er inviterte til å delta i den politiske debatten mellom lokalpolitikarar i Os komande fredag.

- Eg synest det er rart. Vår mann, Jon Sivert Rykkel, sit i formannskapet. Han er ein tydeleg og uttalt utfordrar til ordførarvervet. Og dersom E39 og bru over Bjørnefjorden skal diskuterast, så er det vel ingen det er meir naturleg å ha med enn Os Venstre, seier Stensletten.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kapasitet

- Kvifor vart berre desse fem partia inviterte, prosjektleiar i NRK Hordaland, Dag Olav Mosevoll?

- Det handlar kort og godt om begrensa kapasitet. Fyrst og fremst plassmangel i ferja, men også talet på mikrofonar og kva som er teknisk mogleg for oss, seier han.

- Vi har invitert dei fire største partia i kvar kommune. For å sikra at dei mindre partia får vera med i nokre av debattane, har vi sett Hordaland under eitt og prøvd å sikra ei jamn fordeling av femteplassen på dei ulike mindre partia frå kommune til kommune. Det betyr at Venstre ikkje er inviterte i Os, men kanskje i ein anna kommune der dei ikkje er blant dei fire største partia, seier Mosevoll.

NRK Hordalands innleigde valferje legg til kai i Os komande fredag.
NRK Hordalands innleigde valferje legg til kai i Os komande fredag.

NRK har basert utveljinga på valresultata frå 2011.

Miljøpartiet De Grønne

- Eit unntak er Miljøpartiet De Grønne som ikkje var inne i det heile teke for fire år sidan, men som ser ut til å koma sterkt i Hordaland.

- Kvifor er MDG inviterte med akkurat i Os?

- Det er litt tilfeldig. Vi har sett Hordaland under eitt og MDG vert med nokre av plassane, seier Mosevoll.

Stensletten slår seg ikkje heilt til ro med svaret.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Her har NRK late tilfellet rå heller enn å setja seg inn i lokale forhold. Det er frustrerande at NRK heller enn å invitera Venstre, som har site i formannskapet i fire år, vel å invitera MDG som ikkje har ein einaste representant i kommunestyret, sukkar han.

NRK sviktar

Venstre-leiaren antydar vidare at NRK sviktar si rolle som allmennkringkastar.

- Valet av nokre få parti, kan koma til å påverka den naturlege gangen i valkampen.

- Kva meiner du med at dei "påverkar den naturlege gangen"?

- Dersom valferja skal vera rein underhaldning a la Skavlan, er det ikkje så farleg kven dei inviterer eller ikkje.

- Men om det skal vera debattar i folkeopplysningas teneste, er det heilt feil å utelata toneangjevande aktørar. Både NRK og TV 2, har alltid hatt for vane å invitera alle parti som sit i kommunestyre eller eventuelt formannskapet, seier Stensletten.

Største satsing nokon gong

Prosjektleiar Mosevoll er ikkje overraska over reaksjonane frå Os Venstre.

- Sjølvsagt forstår eg frustrasjonen frå dei som ikkje får vera med. Os Venstre er då heller ikkje dei einaste som har reagert.

Artikkelen held fram under annonsen.

NRK Hordalands valferje er den største distrikts-satsinga nokon gong i ein valkamp med heile 37 debattar i løpet av nokre få veker.

- Det er fyrste gongen vi gjer eit så stort grep, men for at det skal vere praktisk mogleg, måtte vi gjera nokre tilpassingar. Alternativet ville vera å ikkje gjera det i det heile, seier Mosevoll.

Fusa

Kl. 14.10 vert det Fusa-debatt med Atle Kvåle (Ap), Magne Djuvik (Frp), Aud May Boge (H), Bjarte Samnøy (KrF) og Svein Lang (Sp).

Debattleiar vert Siv Fossåskaret og aktuelle tema kan vera kommunereform,

arealavgift og oppdrettskonsesjonar, auke i eigedomsskatten, skulestruktur, flyktningespørsmål og sist, men ikkje minst: Kva er viktigast, tunell mellom Eikelandsosen og Sævareid eller å utbetra vegen mellom Sævareid og Lukksund?

Os

Kl. 16.30 vert det Os-debatt med Helge Steinum (Ap), Terje Søviknes (Frp), Marie Lunde Bruarøy (H), Terje Sperrevik (TVS) og Nils-Anders Nøttseter (MDG).

Debattleiar vert Oddgeir Øystese og aktuelle tema kan vera ny E39, skulestruktur, kulturhuset Fjellheim, innføring av eigedomsskatt, søndagsopne butikkar og spørsmålet om Os bør ta imot fleire flyktningar.

Sendinga kan du sjå på NRK nett-TV eller her på osogfusa.no