Næringssjef Daniel Skotheim er prosjektleiar for etableringa av ein gründerpark i Os.
Næringssjef Daniel Skotheim er prosjektleiar for etableringa av ein gründerpark i Os.

Får 200.000 gründerpark

Hordaland fylkeskommune løyver 200.000 til gründerpark/hub på Os.

Hordaland fylkeskommune løyver inntil kr 200.000 til prosjektet frå budsjettet for Handlingsprogram for næringsutvikling i Hordaland.

Som del av næringssatsinga i Os kommune og Prosjekt Liv på Øyro, vil Os kommune etablera ein gründerpark/hub på Osøyro. Tiltaket skal tilby kontorfasilitetar og felles infrastruktur til 15-20 gründerar i tidleg oppstartsfase. I tilknyting til gründerparken skal ein etablera ei kompetansegruppe frå næringsliv, akademia og bransjeorganisasjonar, som skal fungera som ressursbase for bedriftene.

Artikkelen held fram under annonsen.

Målet er å utvikla eit regionalt knutepunkt og ein møteplass for gründerar i heile Bjørnefjorden med ei tett kopling mot Innovasjon Noreg, Fylkeskommunen, BTO og andre interessentar.

Grunderparken er også tenkt å medverka til fleire etableringar og slik fleire arbeidsplassar i regionen.

Planen er å etablera ei kompetansegruppe som ressursbase, arrangera møteplassar for næringsliv og gründerar og gjennomføra kurs innan etablering.

Dei første gründerane skal etter planen ønskast velkomen i løpet av fyrste kvartal 2017.