Fann udetonert dynamitt
Gravearbeidet i Midtskogvegen fekk ein brå slutt då dei fann udetonert dynamitt torsdag føremiddag.
Det var gravemaskin-førar Halvor Askvik som kom over den udetonerte dynamitten medan han grov under vegen for å gjera klart for nye kloakk- og dreneringsrør.
- Eg kan stadfesta at me fann noko utdetonert dynamitt. Kor mykje, og kva som no skjer, får du ta med sjefen min, sa Askvik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje heilt uvanleg
Det er Hylland AS som har ansvaret for gravearbeidet i Midtskogvegen. Dagleg leiar, Kjell Trengereid, kommenterer saka slik:
- Me fann to hol med udetonert dynamitt. Mogleg kan det vera meir. Det finn me ut i løpet av dagen. Elles har me sikra staden med gummi-dekke og skal ha vokta staden over natta og fram til i morgon tidleg.
Han legg til at firmaet hans er van med å ta seg av tilfelle som dette.
- I løpet av morgondagen skal me få fjerna dynamitten. Inntil vidare er arbeidet sjølvsagt stansa. Elles har me informert både politi og DSB (Direktoratet for samfunnssikkerhet og beredskap) om funnet. Dette har me gjort tidlegare, så dette ordnar seg, seier Trengereid.
Gamal dynamitt
Dynamitten dei fann stammar truleg frå då vegen vart laga.
- I dag er det strenge regler for å sjekka at all dynamitten er gått av. For 40-50 år sidan var det annleis. Då kunne ting som dette henda.
- Kan du seia noko om kor mykje dynamitt det er snakk om?
- Det kan dreia seg om kring 20 kilo. Meir eksakt veit eg ikkje enno, seier Trengereid.