Fann teikning av Marie Østrem
Under ei oppryddingsøkt i Rammebutikken Os, kom den nye eigaren, Kristin Warhuus Våge, over ei flott teikning av Marie Østrem. No bed ho osingane om hjelp til å finna ut kven som eig biletet.
- Portrettet av Marie Østrem låg mellom nokre papir inst inne på lagerrommet, og kan ha blitt gløymt av dei som ein gong har levert inn teikninga for å få ho råma inn, seier Kristin.
Ho har funne ut at portrettet må vera teikna av etter same fotografiet som prydar omslaget på boka «Marie Østrems dagbok».
Artikkelen held fram under annonsen.
- Biletet er datert 27. april 1945, berre dagar før Noreg vart eit fritt land att. På baksida av teikninga står det skrive på russisk: "Eit minne til Mor frå russiske krigsfangar", og det er underteikna av kunstnar Vyacheslav Komissarov, fortel ho.
- Ja, eg budde i Russland nokre år, så eg forstår tilfeldigvis det som er skrive her, legg ho forklarande til.
Gjennom Facebook har Kristin prøvd å finna ut om nokon i Russland kjenner til namnet på kunstnaren, men ho har ikkje fått nokon respons enno.
Kven eig teikninga?
- Håpet mitt er at nokon i Os veit kven som har levert inn teikninga, og at ei etterlysing i lokalavisa kan føra til at det kjem inn opplysningar som kan føra til at rette eigaren til biletet melder seg, seier butikkeigaren.
- Portrettet er forseggjort, og ettersom Marie Østrem var eit kjent og kjært namn i bygda, så burde det helst vore tilgjengeleg for osingar flest. Om ingen gjer krav på biletet, kan kanskje kommunen overta det, og plassera det i eit offentleg bygg der folk har tilgjenge, legg ho til.
Inntil vidare vil det 50 x 63 cm store portrettet stå utstilt i Rammebutikken på Osøyro, og folk må gjerne stikka innom for å sjå det.
- Eg kjem til å råma inn biletet medan det står utstilt her, men det burde eigentleg ha stått i museumsglas, slik at det ikkje falmar, seier Kristin.