Fann stolen Iphone ved hjelp av app
Mannen fann att den stolne Iphonen ved hjelp av ein app som let deg spora telefonen. Politiet bistod med uthentinga.
Det var i går politiet fekk melding om at ein mann hadde blitt fråstole telefonen sin.
- Han hadde funksjonen "Find my iphone" på telefonen, og hadde spora telefonen til ei adresse i Os. Han lurte på om politiet kunne vera med å banka på der, og det gjorde me, seier politioverbetjent Audun Hadler-Olsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Der fann dei telefonen i god stand, og den vart overlevert til eigar.
Ulik forklaring
Eigar skal vurdera om han vil anmelda forholdet eller ikkje. Partane har ulik forklaring på om telefonen var stolen eller om han berre vart mista.
- For oss er det usikkert om telefonen er stolen, i og med at det er ulik forklaring hjå dei to partane, seier Hadler-Olsen.
800 kg for tungt lasta
Politiet har hatt mykje anna å hanskast med det siste døgnet også. Kl 23.30 tysdag kom politiet over ein bil med tilhengar. På tilhengaren var det ein større bil.
- Totalt sett hadde ikkje bilen lov å trekkja ei så stor last. Det ville blitt 800 kilo med overvekt. Han fekk munnleg pålegg om å skaffa større trekkbil. Elles hadde han risikert anmelding og å bli fråteken førarkortet, seier Hadler. Olsen.
Rus og spetakkel
Kvart på eitt fekk dei melding om to menn i sentrum som var rusa og høglytte. Politiet var i kontakt med dei og fekk vist dei vekk frå sentrum.
Om lag på same tid kom det melding om høg musikk frå eit husvære i Kuvågen. Politiet var opptekne, og kunne ikkje rykka ut, men Audun Hadler-Olsen seier at dette huset er ein gjengangar når det gjeld speling av høg musikk nattestid.
Steinras i morgontimane
Klokka 6 i dag tidleg fekk politiet melding om eit mindre steinras i Rødsliane.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er snakk om ein stor stein og nokre mindre. Den største steinen var større enn ein basketball, var det opplyst, seier politioverbetjenten.
Vegtrafikksentralen vart varsla og dei sende mannskap for å rydda opp. Det er ikkje melding om skade på køyretøy eller personar. Trafikken gjekk greitt forbi på staden i eitt køyrefelt.