Fann sprøyter, vaskemaskin og klesskap
Nabolaget i Storestraumen var lei av å sjå på den store bossamlinga ved kontrollsona på Hetleflåten. I helga rydda dei området for boss.
- Vi har lenge gått og irritert oss over korleis der ser ut nedanfor kontrollsona, fortel Sissel Lothe, som bur i område.
Bosset har lege rett ved ein populær tursti. Blant alt bosset låg det mellom anna brukte sprøyter.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Som minn mann sa, kven er det som sit ved kontrollsona og bruker sprøyter? Dette var sprøyter med nålespiss, noko som potensielt kan vera veldig farleg om nokon tråkkar på dei.
Aha-oppleving for borna
Ein av Lothes naboar, Hege De Haan Eliassen, tok initiativ til ein dugnad, som blei gjennomført laurdag.
- Hege kontakta kommunen og lurte på kva som kunne gjerast med alt bosset. Ho fekk til svar at dei kunne stilla med container, om vi stilte med folk. Vi har marknadsført dugnaden digitalt, og er godt nøgde med oppmøtet. 26 vaksne og born stilte opp, seier Lothe.
Spesielt borna fekk ei oppleving som nok opna auga deira.
- Ungane fekk seg nokre aha-opplevingar. Det er nok haldningsskapande at dei er med på slikt. Eg trur ikkje dei kjem til å kasta boss i naturen etter det dei såg laurdag.
Forstår ikkje tankegangen
Forsøpling i område har vore eit problem over lengre tid, og Os og Fusaposten har skrive om det fleire gonger. Lothe er usikker på kva som kan gjerast for å få bukt med problemet.
- Kanskje ville det hjelpt å få opp eit skilt, men samstundes skal det vera unødvendig. Alle veit at det ikkje er her bosset høyrer heime. Om kommunen jamleg hadde teke initiativ til dugnadar, så kunne vi ha halde området fritt for boss. Terskelen er nok lågare for å kasta frå seg om det alt ligg boss i området, seier Lothe og legg til:
- Eg kan ikkje forstå kvifor ein tek seg bryet med å reisa til kontrollsona for å kasta frå seg. Det er jo så billeg å levera det frå seg på returpunktet i Kolskogen.