Fann sovande mann under eit bord i Industrivegen. Blei køyrd til sjukehuset
Politiet måtte hjelpa til.
Laurdag midt på dagen måtte politiet hjelpa ambulansen, som hadde fått melding om ein mann som sov under eit bord. Dette skal ha skjedd ved starten på Industrivegen, ifølgje politioverbetjent Atle Birkeland ved Bjørnafjorden politistasjon.
— Mannen i slutten av 20-åra var sint og truande mot ambulansen. Han var overstadig rusa og blei etter kvart køyrd til Haukeland sjukehus, skriv Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
UP på plass
Fredag kveld var Utrykkingspolitiet (UP) på plass i distriktet for å gjennomføra to trafikkontrollar.
På Byvegen ved Røykenes blei det ingen reaksjonar, skriv Birkeland, men på Halhjemsvegen var det éin førar det blei reagert på.
Vedkomande skal ha køyrd i 83 km/t i 70-sona, skriv Birkeland.