Fann rusa kvinne i graset
Eit steinkast frå Os lensmannskontor måtte politiet ta hand om ei rusa kvinne som låg i graset.
– Vi fekk tips om kvinna, fortel fungerande politioverbetjent, Thomas Juulseth og held fram:
– Klokka var kvart på tolv måndag føremiddag då vi fekk melding. Vi fann kvinna i graset ned mot sjøen rett utanfor her. Ho var godt rusa. Kvinna blei køyrd til legevakta.