Politiet hadde storkontroll ved Rema 1000 i kveld. (Lesarfoto)
Politiet hadde storkontroll ved Rema 1000 i kveld. (Lesarfoto)

Fann narkotika under trafikkontroll

Oppdatert: Det var under ein ordinær køyretøykontroll ved nye Rema 1000 i går kveld at politiet gjorde funnet.

Rundt 50 køyretøy vart kontrollerte ved nye Rema 1000 rundt kl 22.30 i går kveld. 

- Føremålet var å sjå etter om alle bilane var skodd etter føret. Politiet fann ingenting å reagera på, men gjorde eit funn av narkotika i ein av bilane, seier vakthavande ved Hordaland politidistrikt. 

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein bil som vart stoppa kl 23 vekkte litt ekstra merksemd hjå politiet. To personar vart melde for å ha på seg narkotika, og bruk av narkotika. Føraren vart teken med til utvida blodprøve, og er no meldt for køyring i påverka tilstand.