Ser etter eigar: I over ein månad har brannvesenet tatt vare på jolla, men dei vil gjerne levera ho attende til eigaren.

Fann jolle på rek: — Nokon har gjort eit stykke arbeid med denne

Jolla var på rek i retning Tysnes då han blei observert av ein tilsett i Bjørnafjorden brann og redning.

— Vi har hatt ho liggjande ei stund der vi har brannbåten vår, Unik. No ligg jolla her på brannstasjonen. Nokon har gjort eit stykke arbeid med båten, så eg vil jo tru at nokon saknar han, seier varabrannsjef Erik Walden i Bjørnafjorden brann og redning.

Funnen i Bjørnafjorden: Jolla blei funnen på Bjørnafjorden i juni, og ligg no på land ved brannstasjonen på Moberg.

Det var om ettermiddagen tysdag 11. juni klokka 16.30 at ein tilsett i brannvesenet tilfeldigvis såg noko som dreiv ute på Bjørnafjorden i retning Tysnes.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Han tok opp kikkerten og såg at det var ein liten båt. Jolla låg rett veg då, men då to tilsette i brannvesenet kom fram, var båten snudd opp ned, fortel Walden.

Det måtte tre personar til for å få den vesle jolla snudd, og med inn til land.

Spesielle: Årene er litt utanom det vanlege.

Sidan har båten altså vore i hendene til brannvesenet, som no håpar at eigaren vil melda seg.

— Årsaka til at det var viktig å få han på land, er at jolla utgjer ein fare for andre fartøy. Båten er nok heimesnikra. Eg har aldri sett årer som desse før, seier Walden og ler.