Fallulukke i Sperrevikvegen
Ein mann tidleg i 20-åra fall over to meter i ei arbeidsulukke i Sperrevikvegen i 13-tida.
Kl. 13.10 opplyste politiet på Twitter om ei fallulukke på Os. Politi og ambulanse var då på veg til staden.
Audun Hadler-Olsen ved Os lensmannskontor opplyste at personen var medvitslaus etter fallet.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Han har veksla mellom medviten tilstand og medvitslaus. Det er for tidleg å seia noko om kva som har skjedd, då me held på å etterforska saka, fortalde politibetjent Kjetil Hansen til avisa på ulukkesstaden.
Ulukka skjedde i samband med husbygging i eit nytt byggefelt i Sperrevikvegen.
Vedkomande er sendt til Haukeland med luftambulanse.