Gjennom ei tårnagenthelg blir 9-åringar i Os inviterte med inn i kyrkja for å løysa eit mysterium.
Gjennom ei tårnagenthelg blir 9-åringar i Os inviterte med inn i kyrkja for å løysa eit mysterium.

Etterlyser agentar til løysing av mysterium

13. februar kan alle 9-åringar i Os som vil vera hemmelege tårnagentar hjelpa til med å løysa eit mysterium i klokketårnet i Os kyrkje.

Tårnagentane vart fyrst kjent gjennom den populære tv-serien «Tårnagentene og den mystiske julegaven» som gjekk på NRK Super for nokre få år sidan. Tårnagentane er sidan blitt både teikneserie og høyrespel i Sundagsskulen si teneste.

Hemmelege brev

Ut av dette universet spring også Tårnagenthelga som no skal arrangerast på Os.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Dei påmelde 9-åringane får først brev merka "Hemmeleg Tårnagentpost". Deretter skal agentane bruka heile laurdagen på å løysa eit mysterium, og på ulike oppdrag, seier Gro Helen Skjælaaen, truopplæringsmedarbeidar i Os kyrkje.

Påmeldingsfrist er tysdag 9. februar.

Røyklagt kyrkje

Både kyrkja og klokketårnet er blant stadene der agentane må trø til for å utforska oppdraga. Ein mystisk agent kjem med nye oppdrag fleire gonger i løpet av dagen.

- Noko av tanken er at alt skal verka litt mystisk. Dei vert fortalt at ingen må veta, dette er hemmeleg. Foreldra vil få meir informasjon ved påmelding, forklarer Skjælaaen.

Avsløring av løysinga i kyrkja

Borna blir også med på førebuingar til gudsteneste på søndagen, og blir delaktige under sjølve gudstenesta.

- Nokre av løysingane på oppdraga finn dei i bibelforteljingar. Me vil visa at desse tipsa også gjeld i kvardagen vår i dag, seier Skjælaaen.

Det siste oppdraget og den heile og fulle løysinga blir først avslørt under gudstenesta.