Turneringa går føre eg på ein 85 tommer stor TV. Dei vil også laga litt plass til publikum.
Turneringa går føre eg på ein 85 tommer stor TV. Dei vil også laga litt plass til publikum.

Er du Os´ beste FIFA-spelar?

I dag opna påmeldinga til FIFA-turneringa på Elkjøp. I morgon skal dei første 16 som meldar seg på, tevla om ein plass i finalen.

Elkjøp og Lefdal går saman for å skapa litt ekstra blest om FIFA 16, som kom ut for kort tid sidan. Alle deira butikkar i bergensregionen skal arrangera delfinaler, for å kåra finalistar til den store finalen på Gullgruven laurdag.

God-stolar og 85 tommar TV

Delfinalen på Elkjøp Os går av stabelen i morgon ettermiddag.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Det er 16 kvalifiseringsplassar, men det er råd å stå på reserveliste om nokon på lista skulle trekkja seg, seier Bjarte Johannessen.

Han fortel vidare at dei vil rigga til med to god-stoler framfor ein 85 tommars TV, for å laga verdige rammer kring hendinga i butikken.

- Sjølv om me er midt i ei ombyggingsperiode, vil me laga litt rom for publikum også, seier han.

Bjarte Johannessen seier at dei som vil vera med bør kjappa seg med å melda seg på, for det er berre plass til 16 deltakarar.
Bjarte Johannessen seier at dei som vil vera med bør kjappa seg med å melda seg på, for det er berre plass til 16 deltakarar.

Det er ikkje berre snakk om heider og ære til vinnaren, sjølv om det er prestisje som er det viktigaste i FIFA. Elkjøp og Lefdal reklamerer med fine premiar til topp-tre.

- Kven liker ikkje FIFA?

Då Os og Fusaposten snakka med Johannessen tidlegare i dag, var det berre ein som hadde meldt seg på. Med andre ord er det framleis råd å få meldt seg på. Det er kanskje ikkje så lurt å venta for lenge, for som Johannessen seier:

- Kven liker ikkje FIFA?

- Dei som vil vera, med kan melda sin interesse i kassen på butikken, seier han.