Sjekka tal prikkar: No kan ein enkelt halda oversikt over kor mange prikkar ein har.

Er du klar over kor mange prikkar du har? No kan du enkelt sjekka status

Frå den dagen du skriv under på førelegget, går det tre år før prikkane forsvinn.

Klarer ein å “jobba seg opp” åtte prikkar i løpet av tre år, må ein klara seg utan førarkortet i seks månader.

Nyleg blei det opna for at ein lett kan sjekka kva status er ved å logga inn med bankid eller buypass på politiet si nettside.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein skal ha fått “løypemelding” om ein har fire prikkar eller fleire. Dette er for eit varselbrev å rekna frå politiet, og som ei påminning om at ein må leggja om køyreåtferden for ikkje å mista førarkortet.

– Vi trur at denne tenesta vil føra til meir nøgde innbyggjarar. No slepp ein å bruka unødvendig tid på å møta opp på ein politistasjon, og kan i staden logga seg på politiet.no heimanfrå, seier Runar Karlsen, fagdirektør for trafikk i Politidirektoratet

Er du usikker på kva du kan få prikkar for? Sjå faktaboks under.

Dette kan ein få prikkar for

* Brot på fartsgrensa

* Køyring mot raudt lys

* Ulovleg forbikøyring

* Brot på vikeplikta

* Køyring i sperreområde

* Køyring med for liten avstand til bilen framfor

* Køyring med trimma motorsykkel eller moped

* Ikkje sikra passasjerar under 15 år

* Bruk av mobiltelefon

Kjelde: Politiet.no

Statens vegvesen har lista opp kor mange prikkar ein får for dei ulike lovbrota.

Til dømes får ein tre prikkar for mobilbruk, køyring mot raudt lys, ulovleg forbikøyring, for kort avstand til bilen framfor eller brot på vikeplikta.

Ein får to prikkar om ein ikkje sikrar passasjerar under 15 år.

Køyrer ein litt for fort, får ein to prikkar, men ein kan også dra på seg tre prikkar om ein er veldig hard på gasspedalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Om ein blir tatt for fleire lovbrot på ein gong, er det ikkje slik at ein på noko vis skal ha rabatt, eller at det berre er det verste lovbrotet som tel. Alle lovbrota skal då leggjast saman, og det skal teljast opp ein total.

Det er to måtar å få prikkar på; anten ved at politiet stoppar deg eller om du blir ferska av ein fotoboks.