- Er dette forsvarleg?
Mette Monica Ellingsen spør om myra med leire på Nore Neset er godt nok sikra.
- Eg veit ikkje kvifor kvikkleira er komen, og er lurar på om det er forsvarleg å ha ei slik myr næra skule og byggjefelt. Ikkje er det godt sikra heller, med berre eit plastgjerde kring, seier Ellingsen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ikkje forsvarleg
Kvikkleira ligg mellom ungdomsskulen og det nye byggefeltet opp mot Skeismyra. Ellingsen gjekk for nokre dagar sidan ut i ei gruppe på Facebook med bilete av området, og ein tekst der ho spurte om nokon kunne hjelpa ho med å finna ut kvifor det har vorte slik.
- Eg ønskte ein diskusjon kring dette, og det var mange som hengte seg på. Fleire har kommentert at borna deira har kome heim full i leire, seier ho og held fram:
- Eg ser at dei har hengt opp fareskilt og dei har visst informert om at det er farleg, men me veit alle korleis born er. Det som ikkje er lov er alltid spanande, så eg meiner ikkje det er forsvarleg slik det er i dag.
Arbeidsuhell forårsaka leireutbrot
Ellingsen meiner det er farleg både for hund og katt, og andre dyr, men ikkje minst små born.
- Det er fullt mogleg at eit barn kan setja seg fast og drukna oppi det. Eg ønskjer ein diskusjon kring dette før ei slik ulukke skjer, seier ho.
Plan og utviklingssjef i Os kommune, Aina Tjosås, fortel at massane ikkje er tilkøyrt.
- Det er marine avsetninger frå tida då dette området var havbotn, seier ho og held fram:
- Entreprenøren som arbeidar med å klargjera området til bustadutbygging, hadde eit arbeidsuhell, som gjorde at store mengder kvikkleire kom til overflata. Men massane med kvikkleire som blei lagt utover myra for tørking var aldri på noko tidspunkt djup nok til å kunna drukne i. Derimot kunne ein setja seg fast. Den delen av gravearbeida som var forbunde med livsfare var ansamlinga av overflatevatn som samla seg opp i gravegropa. Dette vatnet fekk derfor entreprenøren beskjed om å pumpa ut av gravegropa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tjosås legg til at leira i utgangspunktet er å betrakta som stabil og tålar å bli bygd på, men kan opplevast som meir eller mindre ustabil om ho vert eksponert for store, vassmengder, som var tilfellet ved Nore Neset skule.
- Den delen av leira som har blitt ustabil (kvikkleire) er lagt til tørk på myroverflata, og kan etter nokre dagars tørke gåast og køyrast på, då ho på ny blir svært hard og stabil.
Meiner området er sikra godt nok
Kommunen vart kontakta etter hendinga, og området vart sikra. Dette er no om lag ein månad sidan.
- Då me fekk beskjed, handla me raskt, og fekk sikra området. Eg meiner det er godt nok sikra, seier Tjosås.
- Er gjerda solide nok til å halda born unna?
- Me vurderer området til å vera godt nok sikra, og me har ikkje høyrt noko anna frå dei som bur i området. Om det er nokon som meiner det motsette, så må dei ta kontakt, og me må sjå på det ein gong til, seier ho.
- Men er gjerda solide nok til å halda nysgjerrige born, som kanksje vert trigga av fareskilt, unna?
- Det er heilt sikkert nokre born som ville ha klatra over gjerda uansett om det hadde vore fleire meter høgt. Det er vanskeleg å forhindra. Bustadene er varsla med brev, og entreprenør har vore i møte med skulane i området, seier Tjosås og held fram:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er viktig å understreka at det ikkje er meldt om tilfelle som involverer born som oppheld seg ulovleg inne på byggeområdet etter at sikringsgjerdet vart sett opp. Det blei teke ei vurdering av kor vidt det var mogleg å setja opp stålgjerde, men då desse står svært ustødig på ujevnt underlag, er det ikkje tilrådeleg å setja slikt gjerde opp i dette området, som er delvis omransa av skog og myr.
Sett i lys av dei tiltak som er gjort for å kommunisera kva farar som er forbunden med å opphalda seg ulovleg på denne type byggetomter, kombinert med sikringstiltaka som er gjort, så framstår området som godt nok sikra, meiner Tjosås.
- Men me vil sjølvsagt sjå på saka om folk er ueinge.
Leira må få tørka
No må leira få liggja å tørka. Ein prosess som visst nok nærmar seg slutten.
- Uttørkinga av den tyntflytande leira nærmar seg slutten og leira vil bli frakta til godkjent massedeponoi så snart oppstartsløyve for denne delen av anleggsarbeidet føreligg. Det har vore ein tørr og fin månad. Det skal hjelpa på. Forhåpentligvis er det ikkje så lenge til det blir bra igjen, sier Tjosås.