Russestyret Fusa 2022: Øvste rad: Markus Johannessen, Malena Øpstad Offerdal, Oda Prestnes Fosså, Celine Emilie Samnøy, Lisa Jonetta Ølvestveit, Karianne Moen, Sondre Midtbø.Andre rad: Hans Inge Engevik, Andrine Li Hope, Angel Huynh, Helene Johnsen, Christopher Mildestveit.Nedst: Ronja Berg (russepresident)

Endeleg skal dei få gå dør til dør igjen: — Ei utruleg viktig sak

Russen på begge sider av Fusafjorden kjem til å banka på dører søndag.

Grunna pandemien kunne ikkje russen gå med bøsser i 2020. I fjor blei det gjennomført digital innsamling, og framleis ingen “oppsøkjande aksjon” i Krafttak mot kreft. Russepresident ved Fusa vidaregåande, Ronja Berg, fortel at det er stor skilnad i kva russen på Fusa vidaregåande har fått inn i innsamlingsaksjonen dei siste åra. Frå heile 130.000 kroner i 2019 til 19.000 i fjor.

— Russen gjekk ikkje med bøsser, og ein kunne ikkje gjennomføra arrangement som tidlegare. Vi har sett som mål å samla inn meir enn i fjor. Det målet har vi nådd alt før vi går ut søndag. Nett no har vi komen opp i 19.000 kroner, fortel Berg.

Artikkelen held fram under annonsen.

Plakat - ikkje bøsse

Når russen kjem på døra søndag, vil dei ikkje ha med seg bøsser. Dei har QR-Kode som ein kan skanna og vippsnummer på ein plakat. Det er ikkje dermed sagt at ein ikkje skal kunna kvitta seg med nokre kontantar.

— Vi skal få til det også, ved at vi som går, kan ta i mot og sjølv vippsa - om det er nokon som ikkje har vipps eller ikkje kan skanne koden, seier Berg.

Russepresidenten er til dagen heimehøyrande på vestsida av Bjørnafjorden. Det gjeld om lag 20 av elevane i årets kull. Dei vil gå på begge sider av fjorden.

— Er det fordelt område eller adresser mellom dei vidaregåande skulane, slik at de ikkje risikerer å gå oppå kvarandre?

— Eg har ikkje hatt så mykje kontakt med dei frå Os gymnas og Os vidaregåande. Men vi skal ta ein prat med dei om kva planar dei har, fortel Berg.

Forferdeleg beskjed å få

I år går innsamlinga til kreft med spreiing. Berg fortel at ho sjølv har opplevd at familiemedlem har fått ein slik tung beskjed, og at det same gjeld nære og kjære i omgangskrinsen til venane hennar.

— Det er den mest alvorlege beskjeden ein kan få når ein har kreft. Det er heilt forferdeleg. Det er ei veldig viktig sak vi går for, seier Berg.

I all hovudsak skal russen gå søndag, men grunna sjukdom i skular på landsbasis er det mogleg å gå dør til dør til og med onsdag.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Difor kan det vera at ein kan få besøk av nokre av våre elevar også i dagane etter søndag, seier Berg og legg til at ho har ei lita oppmoding.

— Eg håpar at det er stor oppslutnad kring aksjonen. Kvar krone tel.

Skapar stort engasjement

Rådgjevar i kreftforeininga, Hilde Kleppestø, er glad for at russen etter to år med pandemi, kan få lov til å gå ut og banka på dørene til folk igjen.

— Etter to år med pandemi, er Krafttak mot kreft viktigare enn noko gong. Endeleg kan russen og andre aksjonsgrupper gå frå dør til dør. I år går pengane til forsking på kreft med spreiing.

Vidare fortel ho at årets tema skapar stort engasjement, og at om kreft er eit skummelt ord, så er spreiing endå skumlare.

Ein skal ikkje mange år tilbake i tid før det var det same som å få dødsdommen.

— Difor er det ekstra gledeleg å kunna visa til gjennombrota i kreftbehandling dei siste åra. Behandlingsmetodar som immunterapi har auka overlevinga monaleg for fleire pasientgrupper.