– Endeleg er vi her
Etter ti år med jobbing, kan Hans Bjørn Bakketeig endeleg sleppa jubelen laus. 17 studentar starta i dag på optikerutdanning i Moldova.
Os & Fusaposten ringde Bakketeig i dag for å snakka om premieren på filmen «Mirakelet i Moldova», men merka kjapt at tankane hans ikkje var heilt i filmpremiere-banane.
– Eg held faktisk på å skriva tale. Eg skal halda opningstale for studentane om ein times tid, seier Bakketeig og ler.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det er 17 studentar som skal starta i dag. Det er ei flott gruppe i storleik. Nett no skriv eg: Eg er for tida den einaste optikaren i Moldova. Om fire år skal vi vera fleire, seier Bakketeig.
Senteret for internasjonal utdanning støttar utdanninga. Sjølve utdanninga er eit samarbeid mellom Hjelp Moldova og universitetet i Sørøst-Norge på Kongsberg.
– Det er universitetet som står bak sjølve utdanninga. Det er ei fireårig utdanning på eit svært høgt nivå. Endå betre enn vi har i Noreg, seier Bakketeig.
Det blir norske forelesarar, men opplæringa vil altså gå føre seg i Moldova.
– Studentane skal også koma til Noreg for å få opplæring. Dette er utruleg spanande. Eg har jobba ti år for å få til dette, og i dag er vi endeleg her, seier Bakketeig.
I første omgang er det utelukkande moldovarar på studiet. På sikt seier Bakketeig at det nok vil bli utvida med inntak frå Ukraina og andre land kring Svartehavet.
– Det finst ikkje noko studie som dette i Aust-Europa.