Endå ei veke med ny smitterekord i Bjørnafjorden
Det opplyser kommunen måndag ettermiddag.
Det blei registrert 80 nye smitta (PCR-testar ved teststasjonen) i Bjørnafjorden kommune i veka som gjekk.
Dei smitta er:
Artikkelen held fram under annonsen.
35 barn og unge, i alderen 0 til 17 år
46 vaksne (over 18 år)
– Det har vore smitteutbrot ved fleire bedrifter og skular i kommunen. 30 av dei smitta er fullvaksinerte, ti delvis vaksinerte og 40 uvaksinerte. 68 av dei smitta har kjend smitteveg, opplyser kommunen.
Kommuneoverlegen vurderer det slik at Bjørnafjorden framleis er på risikonivå 2 – middels risiko.
Ifølgje oppdateringa er det stort press på helsetenestene som følgje av totalsituasjonen, auka trykk på smittesporing og stor pågang til teststasjonane.
Teststasjonen i Eikelandsosen er flytta til Eikelandsfjorden samfunnshus, og har utvida opningstida frå to til tre dagar.
– Vi følgjer utviklinga nøye saman med omegnskommunane våre, Statsforvaltaren og helseføretaka for å samordna anbefalingar og tiltak i vår felles bu- og arbeidsregion, skriv kommunen på sine heimesider.