Ellevte tjuveriet på tolv år
I 03.30-tida i natt tok to tjuvar seg inn i Joker Søfteland. Dette er det ellevte innbrotet i butikken på om lag tolv år.
Operasjonsleiar i Vest politidistrikt, Morten Kronen, fortel at det klokka 03.19 blei utløyst fleire alarmar frå butikken.
- Vekter kom til staden nokre minutt seinare. Han konstaterte at det var eit innbrot. Hundepatruljen ankom litt seinare. Alt tyder på at gjerningsmennene har køyrd bort i bil, seier Kronen.
Artikkelen held fram under annonsen.
På kameraovervakinga kan ein sjå at det er snakk om to gjerningsmenn, fortel Kronen.
- Dei to har brekt opp ei bakdør inn til lageret. Dei stal med seg snus og sigarettar. Vi har oppretta sak, seier Kronen.
- Ikkje snus å få i dag
Sist det var innbrot på Joker Søfteland, i okbotber 2015, var det også tobakksvarer som stod på "handlelista" til gjerningsmennene. På Facebook har dei som driv butikken lagt ut følgjande melding:
" Det blir dessverre ikke snus å få kjøpt på Joker Søfteland idag på grunn av innbrudd kl. 03:21 i natt.
Vi beklager ulempen det medfører for deg som kunde-
Visst noen har sett noe, eller ønsker å gi tips, kan du kontakte Politiet i Os , de har saken."