Eldre kvinne blei fråteken førarkortet etter farleg køyring
Skal ha vingla fram og tilbake.
Politiet melder om heile fire tilfelle av mistenkt ruskøyring i helga. Alle er menn. Politiet har også hatt andre oppdrag knytt til trafikken.
— Vi fekk melding om ei eldre kvinne på Halhjemsvegen som skal ha køyrd farleg, fortel politioverbetjent, Atle Birkeland.
Artikkelen held fram under annonsen.
Meldinga gjekk på uvitig køyring — og ho skal ha vingla fram og tilbake i vegbanen.
— Politiet fekk stansa kvinna. Det er ei eldre dame, i 70-åra. På bakgrunn av meldinga og observasjonar gjort av politiet, blei ho fråteken førarkoret, fortel Birkeland.