El-bil slo seg vrang i rundkøyringa i sentrum
Klokka 10.42 laurdag twitra Vest politidistrikt om at det stod ein el-bil midt i rundkøyringa på Osøyro.
Elbilen skal ifølgje meldinga ha straum på batteriet, men elektronikken skal ha slått seg vrang.
– Det går føre seg nokre «lure triks» for å få restarta hjernen til bilen, alternativt må bilen tauast bort, går det fram av meldinga.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det er passasje for andre vegfarande på staden.
Oppdatert: Klokka 11.20 var bilen fjerna frå rundkøyringa.