- Eit under at det gjekk bra
Jorunn Moberg stod på kjøkenet då ho høyrde eit veldig smell. - Eg trudde kyrkja gjekk i lufta, seier ho.
Det var klokka 21.43 søndag kveld at ein bil som stod parkert langs kyrkjegardsmuren i Landboden i Os sentrum, eksploderte. Politiet kjenner enno ikkje årsaka til eksplosjonen.
Jorunn Moberg, som bur i øvste etasje i Tanngarden over vegen, stod på kjøkenet og laga mat då det small.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det var eit sinnsjukt smell. Det fyrste eg tenkte var: "Huset vårt står framleis". Deretter tenkte eg at kyrkja hadde gått i lufta.
Jorunn og ektemannen Helge Haukås oppdaga ulukkesbilen då dei såg ut vindauga. Det låg glasbrot utover heile asfalten i det Jorunn anslår som ein 30-meters-radius.
Nedkjøling i dusjen
Medan ho stod der, byrja bilen å brenna. Nabo Geir Arne Rød kom springande til med brannslukningsapparat, medan helsepersonell raskt kom til og tok seg av dei to skadde mennene, begge godt vaksne, som var i bilen.
- Helsepersonellet tok mennene med inn til oss for å kjøla dei ned i dusjen. Ein av dei var tydeleg hardare skadd enn den andre, fortel Jorunn.
Kort tid etter kom ambulansen og frakta mennene vidare til Haukeland Universitetssjukehus.
Uroleg natt
Jorunn har hatt ei uroleg natt og er framleis rysta etter gårsdagens oppleving.
- For det fyrste er det eit under at mennene overlevde. Deretter byrjar tankane å kverna på kva som kunne ha hendt "viss berre", seier ho.
Helge, som er musikar, øvde nemleg i kyrkja søndag kveld, og hadde nettopp spasert dei få metrane heim, rett forbi staden der bilen gjekk i lufta.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Ein blir ganske skjelven etter noko slikt. I tillegg skulle politiet snakka med oss som var vitne. Dermed vart det ein sein kveld, fortel ho.
Bårebilen skadd
Mange kjenner Jorunn som eigar av Os Gravferdsbyrå. Og bårebilen vart skadd i eksplosjonen.
- Han stod parkert rett ved sida av ulukkesbilen, så bårebilen er på reparasjon i dag. Heldigvis har vi fått lånt oss ein bil, så vi held ope som vanleg, seier ho.
Ingen opplysningar
Politiet etterforskar no saka, men har måndag morgon ingen fleire opplysningar i saka.
Os & Fusaposten kjem tilbake med meir utover dagen.