Eit stramt budsjett
- Dersom alle er passeleg misnøgde, har eg lagt fram eit godt budsjett, sa Knut Terje Rekve då han la fram sitt siste budsjett som rådmann i Os.
Øystein Lid
Artikkelen held fram under annonsen.
ol@osogfusa.no
- Det spesielle med dette budsjettet og økonomiplanen er at hovudfokuset faktisk ikkje er på neste år. Fokus er på det som skjer etter 2018, sa Rekve til kommunestyrets medlemmer.
Han sikta til innfasinga av dei nye plassane på Luranetunet. Det vil årleg krevja 40 mill. kroner meir i faste driftsutgifter, utan at det er venta ei tilsvarande auke i inntekter.
- Til samanlikning er 40 mill. kroner det me samla sett har til disposisjon for auke av budsjettet i 2016. Det set det litt i perspektiv, sa Rekve.
Frå 2018 budsjetterer rådmannen med underskot for første gong på lenge, som følgje av dette. Med andre ord må til dømes skulane venta seg nokre stramme år framover, utan særleg vekst i rammene. For å letta noko på den nye driftssituasjonen, føreslår Rekve at ein tek innfasinga av dei nye sjukeheims-plassane gradvis.
Nytt inntektssystem for kommunane, mogeleg auke i pensjonskostnader, auka investeringar og låneopptak er dei andre store utfordringane rådmannen ser der framme, som krev måtehald i budsjetteringa.
Driftstiltak i 2016
For neste år er det store biletet dermed at rådmannen vidarefører rammene på nivå med inneverande år, berre kompensert for pris- og lønnsvekst. Likevel er det funne rom for ein liten auke i driftsutgifter for 2016 innan nokre utvalde område:
Artikkelen held fram under annonsen.
* To nye klassar (Lysekloster skule og Kuventræ skule)
* Barnevernsvakt og generell styrking av barnevernet
* Prosjekt betre læringsresultat/DUÅ og Leselos (vidareføring)
* Osbadet - auka drift av friidrettsanlegg
* Oseana - kompensasjon for bortfall av privat tilskot + etablering av turistinformasjon
* Kompensasjon for Øyeblikkelig Hjelp-senger - innlemming i rammetilskot
* Styrking av Open omsorg - to stillingar
Artikkelen held fram under annonsen.
* Ombygging mottakslokale NAV (50 prosent av kostnad)
* Naudnett
* Vedlikehald - ulike prosjekt (ventilasjon på skular, prestegarden/paktarbustad, kledning på Lurane - m.m.)
* Fond utskifting av datautstyr
* 21 lærlingar (målet om 1 lærling per 1000 innbyggjar er nådd)
Rådmannens åtvaring
Rådmannen kjem også med ei særskilt formaning til politikarane om ikkje å løyva meir midlar enn det han sjølv legg opp til: "Ei særskilt utfordring for det politiske miljøet vert å ikkje auka driftskostnadene varig i 2016/17, utover det budsjettforslaget tek høgd for."
Neste veke møtest det politiske miljøet til den årlege budsjettkonferansen. «Os og Fusaposten» dekkjer konferansen som føregår tysdag og onsdag.