- Å ta ut raseriet sitt på ein kyrkjegard, der dei som ligg der korkje kan gjera motstand eller seia noko i mot, er under ein kvar verdigheit, seier Gunnar Hansen.
- Å ta ut raseriet sitt på ein kyrkjegard, der dei som ligg der korkje kan gjera motstand eller seia noko i mot, er under ein kvar verdigheit, seier Gunnar Hansen.

- Eit nytt sjokk for oss

Fredag gravla Gunnar Hansen barnebarnet. To dagar seinare var barnegrava blant dei 15 gravene som vart vandaliserte utanfor Holdhus gamle kyrkje.

Sundag gjekk mora til den vesle guten, som berre vart 17 minutt gamal, ein kveldstur til kyrkjegarden i Hålandsdal.

- Ho oppdaga at deler av kyrkjegarden var vandalisert, deriblant grava til guten hennar. Gravskjendinga kom som eit nytt sjokk i det som har vore ei tung tid for oss, seier Hansen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Han skjønar ikkje at nokon kan få seg til å gjera noko slikt.

- Å ta ut raseriet sitt på ein kyrkjegard, der dei som ligg der korkje kan gjera motstand eller seia noko i mot, er under ein kvar verdigheit, meiner han.

Ekstra stor påkjenning

For å verta gravlagt på kyrkjegarden til Holdhus gamle kyrkje må du ha tilhøyrsle til éin av dei fem gardane som ligg kring kyrkja. Dermed er det mange av familiane i nærleiken som er råka av hendinga som ifølgje politiet fann stad i tidsrommet mellom laurdag kveld og sundag ettermiddag.

For familien Hansen vart påkjenninga ekstra stor sidan ugjerninga fann stad så kort tid etter gravferda.

- Eg har eigenhendig køyrt guten i ei kiste frå Barneklinikken. Det er ikkje lov å bruka maskinelt utstyr på kyrkjegarden, difor har vi grave grava for hand sjølv. Vi kjenner stor nærleik til det heile, seier Hansen, som bur like i nærleiken av kyrkja.

- Eg sov med vindauget ope natt til sundag, men har ikkje registrert noko uvanleg.

Hansen seier at han er svært glad for at politiet i Fusa, og kyrkjeverja med stab, ser alvorleg på saka, og brukar tid og ressursar på å få klarheit i kva som har skjedd.

- Det hjelper ikkje oss så mykje om saka vert oppklart, men eg håpar dei som er ansvarlege får kjenna at det stikk litt, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hansen trur ikkje at det er små born som står bak ugjerninga.

- Gravstøttene og korsa er tunge og heng godt fast. Ein treng mykje styrke for å få til noko slikt, seier han.

Interesserte i tips

Politiet i Fusa stadfestar at saka har høg prioritet hjå dei.

- Vi fekk melding om hendinga i går kveld. Beskjeden gjekk ut på at uvedkomande hadde velta fleire gravstøtter og kors på kyrkjegarden til Holdhus gamle kyrkje, opplyser fungerande lensmann, Ove Ivarhus.

Politiet har vore på staden både i går kveld og i dag. 15 gravminne er ifølgje Ivarhus vandaliserte.

Han ønskjer ikkje å seia så mykje om kva teoriar politiet har om kva som har skjedd.

- Det eg kan seia er at vi gjennomfører ei vanleg etterforsking, og undersøkjer fleire teoriar. Vi er veldig interesserte i å koma i kontakt med folk som har vore i området i det aktuelle tidsrommet, seier Ivarhus.