Eit lite stykke Thailand i Os
Pairin Porntako satsar på matvogner der ho sel thailandsk mat. Denne veka står ho på Telthusplassen i Os.
- Det er faktisk mi tredje matvogn, seier Porntako og ler.
Det er altså ikkje første gong ho investerer i matvogn, men denne gongen håpar ho å lukkast.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Målet på sikt er å få fleire vogner som skal stå på ulike stader i Bergen og omegn. Då kan eg laga maten som skal seljast, seier ho.
Har budd i Os
Matvognen opna i dag, og vil stå på Telthusplassen til laurdag.
- Eg er glad for at eg fekk koma til Os, men eg veit ikkje om folk ser meg her bak, seier ho.
Porntako har budd i Os, men det er ei god stund sidan no.
- Det er grunnen til at eg kom til Os i dag. Eg har stått på Rema 1000 i Loddefjord tidlegare, og kanskje det kan vera ein idé å setja vogna utanfor Rema 1000 i Os, så kan folk tinga mat før dei handlar og få servert når dei kjem ut, seier ho og smiler.
Sel mykje vårrullar
Porntako kjem frå Thailand og serverer thailandsk mat.
- Det er mat frå Thailand, men eg har fornorska maten litt for at det betre skal passa til kundane mine her, seier ho og held fram:
- Eg sel mest vårrullar. Dei er populære.