- Eit kuriosum av eit aksjebrev
Eit «Aktiebrev i Aktieselskabet Nestun-Osbanen» har kome John M. Moberg i hende. Jernbanen vart nedlagt 2. september 1935, og seks år gamle John fekk vera med på ein av dei siste turane.
Wenche M. Eriksen
wenche.eriksen@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er jo eit kuriosum, og eg synest det er litt kult å visa det fram, seier John M. Moberg.
- Kven har eigd aksjebrevet?
- Det var Johan Ludwig Mowinckel. Han var som kjent statsminister i Noreg i perioden 1924-26, i 1928-1931 og frå 1933 til 1935.
Aksjebrevet er datert 1. juli 1924, og ifølgje John var det eine sonen hans som kom over det på ein auksjon.
- No er det blitt ein del av aksjebrevsamlinga til Jan, fortel Moberg.
Prisen på aksjebrevet var 1000 kroner, noko som må ha vore ein heil formue for folk i mellomkrigstida. Men om nokon skulle ha råd og interesse av å kjøpa seg inn i jernbaneselskapet som trafikerte mellom Nesttun og Osøyra, så må det ha vore Mowinckel. Han var blant "de bemidlede" i Bergen, og hadde stort landsted på Os.
25 øre for billetten
John M. Moberg vart fødd i 1929, og var berre seks år då han fekk vera med på togturen mellom Os og Nesttun like før jernbanen vart nedlag i 1935.
- På togturen var eg saman med "Bolla" - det var det eg kalla ho som passa på meg då eg var liten. På den tida budde me hos besteforeldra mine i "storehuset" på Osøyro, like ved sidan av Bjørø-huset.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva kosta togturen Os-Nesttun i 1935?
- Etter det eg kan hugsa kosta billetten for born 25 øre, fortel Moberg.
- Ja, eg er ganske sikker på at det var 25 øre, for eg var litt i tvil om eg heller skulle ha kjøpt meg ein 25-øres Kløver melkesjokolade i staden for togbilletten, legg han til.
John M. Moberg flytta frå Os i 1952, og har budd i Drammen sidan 1976.