Eit husvære utanom det vanlege
Line Solberg Tombre sine møblar og pyntegjenstandar kjem frå to stader: Gratis frå Finn.no og brukthallen på gjenvinningsstasjonen i Fusa.
- Eg er glad i gamle ting. Eg bryr meg ikkje om litt slitasje på møblane eller vassmerke på borda. Er det for gale, er det berre til å finna fram skrumaskinen eller målarspannet, seier Solberg Tombre.
Velkomen til Snurrepipperiet
Midt i sentrum i Eikelandsosen ligg Snurrepipperiet, som Solberg Tombre plar kalla husværet sitt. Ho flytta inn i leilegheita som ho leiger i november i fjor. Det første ho gjorde var å pussa opp.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Sjølv om det ikkje er mitt, ønskte eg å gjera det meir heimekoseleg. Eg har tapetsert litt, og malt alle veggene, seier ho.
Solberg Tombre er gift og har tre born saman med mannen Øyvind. At ho ikkje lenger bur heime, tyder ikkje at ho er separert eller skilt.
Med Hordaland som henteområde
Solberg Tombre tok ho eit val om at familien ikkje skulle råkast meir enn naudsynt då ho flytta ut. I flyttelasset pakka ho først ned nokre ting som familien hadde to eller fleire av, før ho enda opp med å setja alt på plass att. Men ho ville heller ikkje bruka pengar.
- Eg starta med å finna ting på Finn.no som var gratis. Dette var i oktober. Eg har vore overalt i Hordaland. Nokre gonger reiste eg tidleg om morgonen med ein plan for kor eg skulle. Då var eg innom mange, og trefte hyggelege menneske, som enda opp med å gje meg meir enn eg kom for då eg fortalte om prosjektet mitt. Eg var ofte ikkje heime før seint på kvelden.
Alt ho fann blei lagra heime, medan ho venta på å overta husværet på Torsneset.
Alltid vore kreativ
Etter kvart fekk ho for alvor auga opp for brukthallen på gjenvinningsstasjonen til BIR i Fusa. Både der og på Finn.no har ho funne mange skattar. I husværet er det mellom anna vitrineskap, globus-bar, sengar, ein orgelkrakk, bord, porselensservise og mykje, mykje meir. Alt har vore gratis.
- Eg har juksa med nokre ting. Skapet på badet måtte eg gje 150 kroner for, men også det er frå Finn.no. Eg har med eit par ting heimefrå, og noko er frå Bruktbuo, men så og seia alt er frå Finn.no og brukthallen.
Det blei nokre travle månader fram mot jul. Ein del av møblane har ho måtte jobba litt med.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det hender at møblane er litt lealause. Då har eg fiksa dei og gjerne gitt dei eit strøk maling, seier Solberg Tombre.
Heilt sidan ho var born har Solberg Tombre vore kreativ. Det er nok litt av grunnen til at ho ikkje er redd for å ta fatt på prosjekt som ho ikkje har noko fagleg bakgrunn for å handtera. Med éi sag, éin hammar og éin skrumaskin fiksar ho det meste.
- Hylla i gangen er sett saman av furuhyller og gelenderet av ein trapp som eg fann i brukthallen. Mykje av det som blir gitt vekk, treng ofte litt finpuss, men det har eg ikkje noko imot. Eg likar å halda på med slikt, seier Solberg Tombre.
Då ho var yngre, sat Solberg Tombre ofte med lim, papir og måling. Dette låg ho frå seg då ho blei mor. Tida strekte ikkje til. No skal ho ta opp att hobbyen.
- Eg fann eit atelier. Dette er heimen, fristaden og verkstaden min. Eg gler meg til å koma i gang med målinga att.
Eit eksempel til etterfølging
Det var ikkje berre avisa som vitja Snurrepipperiet onsdag. Kommunikasjonsrådgjevar i BIR, Tina Skudal, har lenge høyrd om "ho med den grå peugeoten" som stadig er innom gjenvinningsstasjonen i Fusa. Onsdag fekk ho endeleg møta Solberg Tombre.
- Har du høyrt om nokon med liknande prosjekt som Tombre Solberg?
- Det er éi liknande historie som eg veit om. Ein lærar i Sund kommune har vore ofte innom brukthallen der, og fått supplert skulebiblioteket med haugevis av bøker. Elles er det ein mann i Samnanger som reiser rundt og samlar på bøker og teikneseriar frå 80-talet, men eg veit ikkje om nokon som har eit så stort prosjekt som Line, seier Skudal.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kva synest du om dette?
- Det er heilt fantastisk. Eg har hatt lyst til å koma på besøk heilt sidan eg fekk høyra om prosjektet. Før jul var ho litt oppteken, men endeleg passa det. Det er kjekt å sjå at det vi har tilrettelagt, blir teken i mot slik. Line er eit eksempel til etterfølging, seier Skudal.
Framleis på skattejakt
Solberg Tombre er komen på plass i husværet, og det er knapt nok plass til meir pynt og møblar. Det betyr ikkje at skattejakta er over.
- Eg har gjeve bort ting eg har funne til mor. Far har fått seg eit fotbad. Jobben har fått eit fullt servise som eg fann. Det var verkeleg naudsynt. Dessutan vil det alltid vera plass til litt meir hos meg. Det er berre til å flytta rundt på ting og gjera plass, seier Solberg Tombre og legg til:
- Eg sa til naboen for ei stund sidan at eg såg at han hadde eit ledig rom til oppbevaring, men det var sjølvsagt berre ein spøk.
- Du er ikkje redd for at samlinga skal gå over stokk og stein?
- Eg er ikkje redd for det. Eg er eit ordensmenneske. Eg er framleis på skattejakt, seier ho.
Vi er i gang med eit nytt år. Når våren kjem, startar utryddinga i mange norske heimar.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det ser eg fram til. Då skal eg ha meg ein oppgraderingsrunde, seier Solberg Tombre og smiler.