Eit anna univers på Fjord`n Senter
Laurdag var Fjord`n Senter forvandla til eit univers fylt med ville jungeldyr, modige superheltar, vakre prinsesser, skumle piratar og mange andre rare skapningar og folk. Det var nemleg tid for karneval!
Det var mange som tok turen til senteret på laurdag, både flott utkledde born og mange flotte, men litt mindre fargerike vaksne. Stemninga var god og ungane hadde mykje dei kunne henga fingrane i. Det blei arrangert fleire ulike aktivitetar som Blime dansen, stolleiken, pinata og limbo. For dei som ville, var det også flinke ansiktsmålarar tilstades. Målarane, Gisela Skiple Aase og Victoria Opheim Eikeland, målte med nøyaktige penselstrøk stilige tigrar og mykje anna.
Konkurranse
Underteikna var heldig og fekk snakka med fleire av jungeldyra, superheltane og piratane. Alle var dei samde om ein ting: Det er kjempekjekt på karneval!
Artikkelen held fram under annonsen.
Nokon hadde laga sine eigne kostyme, andre hadde vore og handla, og nokon var så heldige at mamma hadde sydd kostyme til dei. Det var uansett mange kreative kostyme som vitna om god fantasi.
Karnevalet baud også på kostymekonkurranse. Prisen for mest kreative kostyme var det Mathilde Nonås som stakk av med. Iris Reknes Ekrene vart kåra til den mest fargerike. Det vart også delt ut prisar for flest og mest striper. Desse var det Tobias Olsen og Jonas Vestbø som vann, men kven som vant kva for ein av prisane var ikkje heilt lett å halda styr på.
Kjekk tradisjon
Primus motor for karnevalet på senteret er Vigdis Øvreeide. Vigdis har hatt ansvaret for den mangeårige tradisjonen fleire gonger. I år var ho attende for fullt, etter eitt år i permisjon.
- Dette er veldig kjekt å halda på med, og me er veldig glade for at me kan vera med og arrangera dette i fellesskap, slik at borna får oppleva ekte karnevalsstemning.
- Mange born stiller opp og det ser ut til at dei kosar seg veldig, smiler Vigdis, og legg til at ho har med seg mange flinke hjelparar i "arrangementskomiteen".
- Dette er ein kjekk tradisjon som eg vonar me kan halda fram med i mange år framover.