Ein tilsett ved legekontor har fått påvist smitte
Det opplyser kommunen fredag.
Ein tilsett ved eit legekontor i Os har testa positivt for covid-19 i dag, 28. mai, skriv kommunen på sine heimesider.
– Alle pasientar som har vore innom i tidsrommet den tilsette kan ha vore smitteførande, blir kontakta av legekontoret, vert det opplyst.
Artikkelen held fram under annonsen.
Den smitta er fullvaksinert. Det aktuelle legekontoret held stengt i dag, fredag, og opnar att på måndag.