Ein spasertur til Fitjar for å kjøpa middagspølse?

KOMMENTAR: Ein treng ikkje å vera heftig bru-mostandar for å reagera med undring og forarging over illustrasjons-teikningane me vert servert i samband med bruplanane over Bjørnefjorden.

Kenneth Svenningsen

Nei, eg tenkjer ikkje på oversiktsbiletet av den halvslappe betong-slangen som buktar seg tvers over inngangen til ein av Noregs vakraste fjordar. Me har sett han før. Han er ikkje vakker, men det sjokkerer ikkje lenger like mykje.

Artikkelen held fram under annonsen.

Nei, det eg reagerer på er personfigurane som takk vere fingernemme grafikarar tilforlateleg vert plassert inn i dei data-animerte illustrasjonane. Folk som ser ut til å ha det heilt storveges til fots eller på sykkel ein eller annan plass midt på den 5 km lange betonganretninga mellom Os og Stord.

Hyggjeleg venterom

Tidlegare har me sett lettkledde syklistar med kurv på styret og familiar med barnevogn midtveges på brua. At det 90 prosent av tida bles stiv kuling på dette strekket, ser ikkje ut til å ha nådd illustrasjons-teiknarane til Statens Vegvesen.

No sist (Sjå bilete) var folk på rusletur under sjøen i gangfeltet på den føreslåtte rørbrua. Biletet gjev meg rare assosiasjonar.

Eg kan nærast sjå det for meg. Ein herleg laurdags føremiddag i september.

- Kva seier du kone, skal me ikkje spasera ein tur til Fitjar og kjøpa middagspølse og softis i finvêret. Eg fekk så lyst på ein liten gåtur.

På illustrasjonen ser me paret rusla nøgde heim att frå Stord-øya, iført kortebukse og T-skjorte, og med handleposen lett henslengt over skuldra.

Midtveges på fjorden helsar dei på Randi og Egil. Dei har teke seg ein pause i eitt av dei hyggjelege og ekstra opplyste "venteromma" under brua.

- Hei, er de også ute og går under Bjørnefjorden i dag?

Artikkelen held fram under annonsen.

- Ja, det har vore så mykje dagslys denne veka at no var det godt å koma seg litt ned under havflata å få litt tunell-syn.

God akustikk

Nei, ærleg tala. Eg har ikkje særleg trua på at osingar, eller stordabuarar vil valfarta att og fram på ein eventuell gang- og sykkelsti under vassflata i Bjørnefjorden. I alle høve ikkje vanlege mjuke trafikantar.

Men om rørbrua og gangstien skulle bli ein realitet kan det jo tenkjast at Sverre Lunde Pedersen kunne hatt nytte av han. Eg meiner, dersom han mot formodning skulle fått altfor mykje høgdetrening og var i akutt naud for djubdetrening - berre for å utlikna før tevling. Då ville vel røret gjort nytta?

Eg ser heller ikkje bort frå at akustikken i røyret vil vera ganske så unik, og i så måte kan vera verdfull for lokale komponistar. Kanskje det hadde vore noko for Glenn Erik Haugland og Heidi Tronsmo og deira «SUB - Undersjøiske undringar frå Bjørnefjorden». Ein 5 km lang konsert under fjorden, med full havfest kring røyret...eller kanskje ikkje...