Ein sjåfør må betala etter ikkje å ha gjort denne jobben godt nok
Fekk bot for “manglande utsyn”.
Onsdag gjennomførte Utrykkingspolitiet (UP) promillekontroll på Halhjem. Der blei 53 førarar kontrollerte. Ingen utslag, opplyser politiet i ein e-post.
Klokka 9 blei det oppdaga ein bil som stod feilparkert i krysset Særvollsvegen/Lepsøyvegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
— Bilen var parkert på eit fortau, og var til hinder for sikt på staden. Eigar blei kontakta for å flytta bilen, og den som disponerte bilen, må betala eit gebyr, skriv politioverbetjent Atle Birkeland.
Onsdag ettermiddag hadde UP og Statens vegvesen trafikkontroll i Mobergsbakken. 16 køyretøy blei kontrollerte. Det resulterte i eitt forenkla førelegg for manglande utsyn, då frontruta ikkje var skrapa tilstrekkeleg.
Føraren fekk eit gebyr på 2.800 kroner for ikkje å ha fjerna is på front- og sideruter før køyringa starta.