Trøbbel: To bilførarar i Os har fått trøbbel med politiet siste døgn.

Ein preika i mobil bak rattet. Den andre er mistenkt for promillekøyring.

To bilførarar i Os har fått trøbbel med politiet siste døgn.

Litt etter klokka 13 fredag, vart ein førar i 30-åra stoppa av politiet i Kolskogheiane.

Vedkomande brukte mobiltelefon medan han køyrde bil.

Artikkelen held fram under annonsen.

Det enda med 5.000 kroner i bot og tre prikkar på førarkortet.

Promille

Ein del timar seinare, natt til laurdag kring klokka to, stoppa politiet ein annan bilførar på Ulvenvegen etter mistanke om promillekøyring.

Politiet har oppretta sak for promillekjøring mot ein mann i 20-åra.