Éin person send til sjukehus med luftambulansen etter ulukke
Det har vore nok ei trafikkulukke i Bjørnafjorden kommune.
Onsdag ettermiddag skal ein MC ha køyrd inn i ein bil i krysset mellom Hatvikvegen og Hegglandsdalsvegen.
Fartsgrensa på staden er 50 km/t, opplyser politiet på Twitter. Det skal ha vore fire personar i bilen. To vaksne og to born.
Artikkelen held fram under annonsen.
Trafikken stod for kort tid sidan, men det verka som at arbeidet på staden gjekk mot slutten, og at trafikken er i gang igjen om ikkje så alt for lang tid.
Personen på motorsykkelen skal ha vore bevisst. Vedkomande blei lagt på båre, og send til Haukeland universitetssjukehus med luftambulansen.