Rivingsarbeidet på den gamle Kiwi-butikken på Haugsneset går fort.
Rivingsarbeidet på den gamle Kiwi-butikken på Haugsneset går fort.

Ein Kiwi rivi, ny klar i juni

Kiwien på Haugsneset er nær jamna med jorda. Til sommaren opnar kjeda ein splitter ny og over dobbelt så stor butikk.

Kiwi og Os ser ut til å vera god match. Inntil nyleg var butikken på Haugsneset den minste av totalt tre Kiwi-butikkar i bygda. Om eit halvt år står "filialen" på Haugsneset opp att, i heilt ny framtoning, og nesten like stor som sine to søster-butikkar i Os.

- Kiwien på Haugsneset har gått veldig bra i lang tid, men bygget var gamalt og slitt, og me trong å pussa opp. Då me også såg behovet for å utvida, fann me det like greitt å byggja heilt ny butikk. Dette også for å få fram vårt nye konsept: Nye Kiwi, seier regionssjef for Kiwi Region Vest, Jan-Olav Mjøs.

Artikkelen held fram under annonsen.

- Kva er nye Kiwi?

- Det er eit butikk-konsept der me har auka fokus på grønt og ferskvarer, seier Mjøs.

Meir enn dobbelt så stor

Rivingsarbeidet av den gamle Kiwi-butikken starta i slutten av sist veke. No tysdag var bygget nær jamna med jorda.

Den gamle butikken er snart borte. Den nye vert meir enn dobbelt så stor.
Den gamle butikken er snart borte. Den nye vert meir enn dobbelt så stor.
Eit gamalt skilt frå Norsk Tipping var det einaste som minna om butikkdrift då «Os og Fusaposten" var bortom i går.
Eit gamalt skilt frå Norsk Tipping var det einaste som minna om butikkdrift då «Os og Fusaposten" var bortom i går.
Sjef for Kiwi Region Vest, Jan-Olav Mjøs, fortel at den nye og langt større Kiwi-butikken på Haugsneset truleg vil stå ferdig i juni neste sommar.
Sjef for Kiwi Region Vest, Jan-Olav Mjøs, fortel at den nye og langt større Kiwi-butikken på Haugsneset truleg vil stå ferdig i juni neste sommar.

- Det har gått fort, og det må det også gjera. Dersom det går slik me håpar, skal den nye butikken stå ferdig alt i juni, seier regionssjef Mjøs.

Medan den gamle butikken var 549 kvm og hadde eit salsareal på knappe 350 kvm, kjem den nye til å bli langt over dobbelt så stor.

- Den nye butikken får eit totalareal på 1.250 kvm. Salsarealet blir på 900 kvm, fortel regionssjefen.

Med større salsareal vil varesortimentet blit utvida.

- I høve til gamlebutikken blir utvalet ein del større. Spesielt vil kundane oppleva eit mykje betre utval av frukt og grønt og ferske middagsprodukter, seier Mjøs.

Artikkelen held fram under annonsen.

Doblar parkeringa

Med større butikk og potensiale for fleire kundar, må butikk-kjeda også leggja til rette for tilkomsten. Det gjer dei også.

- Med den gamle butikken hadde me knappe 20 parkeringar. No doblar me kapasiteten og gjer plass for kring 40, seier Mjøs.

At Kiwi-kjeda held fram med å satsa stort i Os er ikkje tilfeldig.

- Me har gjennom heile 2015 opplevd ein hyggjeleg salsvekst i alle våre tre butikkar i Os. No når butikken på Haugsneset er borte for ei stund, registrerer me at fleire av kundane derifrå finn vegen til Gudriflaten og Moberg. Det er veldig gledeleg, seier Mjøs.