Dragebåtfestivalen vart ein kald fornøyelse for fleire av dei lokale selskapa. Fleire av dei enda opp med å kantra alt før kapproinga var starta.
Dragebåtfestivalen vart ein kald fornøyelse for fleire av dei lokale selskapa. Fleire av dei enda opp med å kantra alt før kapproinga var starta.

Ein kald, men underhaldande fornøyelse

Det såg mørkt ut for drakebåt-kapproinga, då den eine båten etter den andre kantra før dei nådde startlina. Men sporty deltakarar gav seg ikkje og baud eit talrikt publikum på svært god underhaldning.

- Her er det garantert nokon som kjem til å kantra, seier ein i publikum til «Os og Fusaposten».

Han fekk rett. Relativt store bølger, og stappfulle drakebåtar viste seg å vera ein utfordrande kombinasjon.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tre båtar prøvde å koma seg til startlina, men enda opp i vatnet før dei kom så langt. Actionfylt med andre ord, for både deltakarar og publikum, som hadde møtt opp i hopetal, og jubla for god underhaldning.

- Først gjekk båten litt over på venstresida, så over til høgre, og det gjekk ikkje an å kontrollera han, seier ein dyvåt padlar i det han klatrar på land.

Juryen fann ut at dei måtte utsetta tevlinga, og det vart kviskra om at kapproinga ikkje kom til å bli noko av, men det tok ikkje lang tid før dei lokale og sportye selskapa var ute i båtane igjen, og i skrivande stund er dei i full sving i Oselva.

 

Populære hestar

Det var også godt med folk i sentrum på Bondens Dag. På Torget var det marknad med bodar, bilutstilling og barneaktivitetar. På Kyrkjeflaten var det blant anna utstilling av traktorar og landbruksmaskiner, og ein lang kø for dei som ville ri på hest og ponni.

- Dette plar vera eit populært tilbod, men i år har køen vore lengre enn nokon gong før. Det er fleire som går av hestane og stiller seg i køen igjen med ein gong, seier Stine Andreassen Gjeitrem frå Aktiv Hest AS.

Partileiardebatt

Dei ulike partia var også til stades for å snakka med folket om deira hjartesakar i høve kommunevalet 2015, og partileiarane var involverte i ein av mange debattar i desse dagar.