– Ein gledens dag langs heile kysten vår!
Det seier ordførar Trine Lindborg laurdag kveld.
Ordførar Trine Lindborg meiner laurdagens nyhende om den nye regjeringsplattforma vil ha stor betydning for vanlege folk og ikkje minst for næringslivet i Bjørnafjorden.
– Det er svært gledeleg at valløfte blir innfridde og at den nye regjeringa lever opp til forventningane til distriktspolitikk og næringspolitikk, seier Lindborg til Os & Fusaposten laurdag kveld.