Ein elev ved Os vidaregåande har fått påvist covid-19
29 elevar og to lærarar er informerte og sette i karantene.
Rektor Johan Henrik Lassen opplyser om smittetilfellet i ein melding som skulen har lagt ut på Facebook-sida si.
— Smittesporinga viser at karantene er naudsynt fram til 14. november. Alle i karantene har fått informasjon om at dei bør testa seg. Arbeidet er gjort i samarbeid med fungerande smittevernlege i Bjørnafjorden kommunen. Alle andre elevar og tilsette skal møta som vanleg.