Gro Elisabeth Almås, Jonas Dale og Helen Koldal er blant søkjarane til stillinga.
Gro Elisabeth Almås, Jonas Dale og Helen Koldal er blant søkjarane til stillinga.

Ein av desse kan bli ny helsesjef

Sjå lista over dei ni søkjarane som vil bli kommunalsjef for helse og omsorg i Os og Bjørnafjorden kommune.

Etter at Nils-Petter Borge vart rådmann i Fusa kommune, har Line Rye mellombels fungert som øvste leiar for helse- og omsorg i Os kommune. I vår har stillinga vore lyst ut og Mercuri Urval har rettleidd prosessen. Med tanke på den framtidige kommunesamanslåinga var det spesifisert i utlysinga at frå 2020 av vil helsetenestene i heile Bjørnafjorden kommune vera vedkomande sitt ansvarsområde. «Den nye kommunen vil vera i sterk vekst og oppleva aukande etterspurnad etter heilskaplege og innovative helse- og omsorgstenester», heitte det i utlysinga.

Søkjarane

No har Mercuri Urval levert frå seg den offentlege søkjarlista. Ho viser at det har vore 15 søkjarar, og av desse står ni att. Lista er som følgjer:

Artikkelen held fram under annonsen.

1. Jonas Dale (32), legevaktsjef

2. Gro Elisabeth Almås (42) Einingsleiar pleie og omsorg, Fusa kommune

3. Paul Evers (58), sjølvstendig næringsdrivande

4. Helen Koldal (49), kommunalsjef Årdal kommune

5. Silje-Iren Netteland Olsen (41), enhetsleder helse og omsorg, Bergen

6. Hroar Magnus Espeland, (57) dagleg leiar Lopex AS, Lilandtunet Gjestgiveri

7. Sissel Aase Børve (44), avdelingsleiar Kvam

8. Eva Maria Lim (56), styrar Gullstøltunet

Artikkelen held fram under annonsen.

9. Elise Jensen (29), mastergradsstudent

Tre kjende namn

Dei lokalt mest kjende er Jonas Dale, som er legevaktsjef for Os og Samnanger legevakt, og Gro Elisabeth Almås, som er einingsleiar for pleie og omsorg i Fusa. Helen Koldal har vore styrar på sjukeheimen, ho var einingsleiar for heimetenesta i Fusa, og jobbar no som kommunalsjef i Årdal kommune.

ol@osogfusa.no