Eigedomsforvaltar bak Humaq.no
Nettstaden til Humaq er registrert på Kim Forgaard Henriksen. Eigedomsaktøren er eigar av eit hus som er brukt ulovleg til asylmottak i Stavanger.
Humaq AS harsøkt UDI om å få starta desentralisert asylmottak i Os for180 personar. Saka vart torsdag og fredag opphavet til ein omfattande diskusjon på facebook.
- Selskapet er ikkje etablert i Brønnøysundregistrene, kan berre kontaktast via advokat, og kommunen får ikkje ut noko informasjon korkje om eigarar, selskapets boligmasse eller noko anna. Ikke mykje seriøst hittil, kommenterte ordførar Terje Søviknes.
Artikkelen held fram under annonsen.
Frp-politikaren Claus Jørstad, kommenterte på facebook-tråden om kven som står bak Humaq.no.
- Eigaren av domenet til Humaq er Kim Forgaard Henriksen, skreiv Jørstad, som representerer Frp på fylkestinget i Finnmark.
Næringsaktørar
Ifølgje Uninett NORID der alle norske domener (.no) må registrerast, stemmer det at Henriksen er mannen som har registrert humaq.no 1. april i år. På humaq.no vert dessutan Tor Ludwig Wårøy oppgjeve som ein kontaktperson. Wårøy og Henriksen er partnarar i teletrafikk-firmaet Imperial Roaming i Stavanger. Elles har Henriksen 28 roller i norsk næringsliv, mest innan eigedomsbransjen.
Brukte kjellar ulovleg som asylbustad
Kim Forgaard Henriksen sitt namn dukkar også opp i samband med eit desentralisert asylmottak i Stavanger. I februar i år skreiv Stavanger Aftenblad om ei ein kjellarbustad i Holbergs gate (sjå biletet), der Henriksen er eigar, som har blitt brukt ulovleg som asylbustad. Stavanger kommune gav alt i 2013 beskjed om at kjellaren ikkje kunne brukast til permanent bustad for asylsøkjarar, og kravde tøming. Men i 2016 var kjellaren altså i bruk igjen. Det var Hero Norge som leigde bustaden av Henriksen, som del av eit desentralisert asylmottak i Stavanger. Henriksen tok ikkje telefonen då «Os og Fusaposten» prøvde å få kontakt fredag.
Problem med desentraliserte mottak
Stavanger kommune har no varsla ein strengare praksis når det gjeld å gjera om einebustader til desentraliserte asylmottak. Blant problema som er observert i slike bustader er at det blir vesentleg fleire bebuarar per hus enn i eit vanleg hus. Det gjev mellom anna stort press på det elektriske anlegget, sidan kvart enkelt rom har eigne kjøleskap, vasskokarar etc. I tillegg har brannvarslarar i ein del tilfelle blitt kopla ut av bebuarane. Dette er nokre av årsakene til at Stavanger kommune no krev at alle bustader som skal brukast som desentralisert asylmottak må søkja om bruksendring.