- Ei klar avsporing
Det kallar Terje Søviknes påstandane om at syriske flyktningar i Os vil kjenna seg tråkka på dersom det blir snakk om lokal folkerøysting om flyktningar frå Syria.
Øystein Lid
ol@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Politikarar mellom anna frå KrF og Venstre seier at flyktningar frå Syria vil føla seg mindre velkomne i Os, dersom ordføraren legg opp til ei folkerøysting om deira landsmenn skal takast i mot her eller ikkje.
- Det er ei avsporing deluxe. Dei me alt har teke i mot, er sjølvsagt velkomne. Dei integrerer me så godt som mogleg, og gjev dei alle moglegheiter for eit godt liv. Det skal det ikkje herska noko tvil om, seier Søviknes.
Det handlar om pengar
Han seier at saka handlar om økonomi. Ifølgje tal som Finansavisa har lagt fram, har ein enkelt flyktning frå Syria sitt naboland Irak ein livstidskostnad på 7 mill. kroner.
- I dag tek Os kommune i mot moderate 15 personar årleg. Dersom dette talet skal doblast eller tredoblast, og me gongar det med 7 mill. kroner, ser ein kva kostnadsnivå dette har. Det er då behovet for ei folkerøysting oppstår, seier Søviknes. Han legg til at dei ikkje har drøfta det med andre parti lokalt enno.
- Men flyktningtenesta i Os går i pluss?
- Då ser ein berre på dei fem første åra der flyktningane er i introduksjonsprogrammet og der me får integreringstilskot. Men erfaringsmessig veit me at dei har mykje lågare arbeidsdeltaking. Me snakkar om kommunale og statlege trygdeytingar. Hadde dei kunne skaffa seg jobb og bustad sjølv etter dei fem åra, hadde alt vore greitt. Men slik er det ikkje, seier han.
- Dei som kjem frå Syria er relativt høgt utdanna?
- Det beste samanlikningsgrunnlaget me har er nok frå nabolandet Irak. Det er på det grunnlaget Finansavisen snakkar om lågare arbeidsdeltaking. Det er klart at dei som har opplevt tøffe tider og kanskje krigstraumer, kan ein heller ikkje forventa skal ha like høg arbeidsdeltaking, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Kan hjelpa fleire i nærområdet
I staden ønskjer han at ein skal bruka pengane på tiltak i heimlanda til flyktningane.
- Talet på 10.000 flyktningar var eit tal som berre vart kasta ut. Så endte ein opp på 8.000 over tre år. Men ein har ikkje gjort dei langsiktige vurderingane, seier han.
Han viser til at FNs høgkommissær for flyktningar har uttalt at ein kan hjelpa mellom 14 og 26 gonger fleire i heimlandet, for dei same pengane me bruker på å ta i mot 10.000 personar her.