Ei ti år gamal jente har testa positivt for det nye koronaviruset
Jenta er i nær familie med eit anna påvist smittetilfelle.
Familien er allereie i isolasjon og alle aktuelle nærkontaktar er kartlagt tidlegare, opplyser kommunen.
I går kom det 13. stadfesta tilfellet av koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.
Artikkelen held fram under annonsen.
Smittevernoverlege Bjørn Petter Aasheim Johannesen opplyser at jenta har milde symptom.
Dette er det 14. påviste smittetilfellet av det nye koronaviruset i Bjørnafjorden kommune.