Ei bøn frå ein bussjåfør
Det er ikkje berre bussjåførane sitt ansvar å syta for at trafikktryggleiken i skulebussane vert ivareteken. Ungdomane sjølve må òg ta ansvar.
Camilla Kvamme
camilla.kvamme@osogfusa.no
Artikkelen held fram under annonsen.
Det seier Bjarte Samnøy. Som bussjåfør har han vore vitne til fleire farlege situasjonar til og frå skulane i Fusa.
- Elevane må ta på seg setebeltet med det same. Nokre vandrar rundt i bussen sjølv etter at eg har starta å køyra. Andre snur seg mot elevane som sit bak, fortel den ferske bussjåføren.
Samnøy tok kontakt med «Os og Fusaposten» etter at avisa skreiv om elevar som må stå på skulebussen frå Eikelandsosen til Fusa for vel ein månad sidan. Bussjåføren presiserer at han ikkje forsvarar bruk av ståplassar på skulebussar, og at busselskapa sjølvsagt må unngå det så langt det lèt seg gjera. Men som bussjåfør meiner han at ungdomane sjølve kan bidra til at tryggleiken vert betre.
- Det er utruleg viktig å bruka setebelte. Ikkje berre for din eigen tryggleik, men også for dei andre som sit i bussen. Må bussjåføren bråbremsa i 80 kilometer i timen, veg ein kropp på mellom 80 og 90 kilo plutseleg 20 tonn. Berre ei halvliter brusflaske får ei vekt på meir enn to tonn i den farten, påpeikar Samnøy.
- Vent med å kryssa vegen
I tillegg til at setebeltebruken må verta betre, meiner bussjåføren at passasjerane har litt å gå på både når det gjeld oppførsel i bussen, og på busstoppa.
- Elevane må venta med å kryssa vegen til etter at bussen har køyrt. Berre på dei månadene eg har arbeidd som bussjåfør i Tide, har eg vore vitne til fleire situasjonar der eg har tenkt: Oi, går dette verkeleg bra? Elevane går rett ut i vegen sjølv om siktlina ikkje er meir enn to meter, seier han.
Samnøy meiner at foreldre og tilsette ved skulane i Fusa bør ha fokus på korleis borna skal opptre i trafikken.
- Det hender at eg gjer elevane beskjed om å ta på setebelte før bussturen startar, men når eg byrjar å køyra, er fokuset mitt først og fremst retta mot vegen, seier Samnøy og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg og kollegaene mine er opptekne av passasjerane sin tryggleik kvar dag, men passasjerane sjølve må verta flinkare til å nytta dei hjelpemidla som finst, så som refleks og setebelte. Det kan redda liv.