– Eg skjemmest over å vera osing
Bergitte Wiik har laga ein underskriftskampanje for å redda Havnesjefen. – Det er osingane som har gjort Havnesjefen aggressiv. Å ta livet av han på grunn av det, er heilt bak mål. seier Wiik.
Underskriftskampanjen på underskrift.no blei oppretta måndag kveld, og har i skrivande stund nesten 1.400 underskrifter. Wiik vil la kampanjen gå ei stund, i håp om at så mange som mogleg sluttar seg til.
– Det er ikkje berre svanehatarar i Os. Det er mange som ønskjer at Havnesjefen skal få leva, seier Wiik.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Har du tru på at underskriftskampanjen kan redda Havnesjefen?
– Ein veit aldri. Om det er mange som sluttar seg til, og fleire som protesterer, så kanskje han gjer det. Eg har budd i Os i alle år, men aldri skjemst over å vera osing. No gjer eg det, seier Wiik og legg til:
– Grunnen til at kommunen gjer dette så raskt, er at dei er redde for å mista ansikt. Det er kanskje det som provoserer meg mest. Det er også nokre frå media som har fyrt godt oppunder.
Svanene er ikkje trygge her
Wiik meiner at er andre moglegheiter enn å ta livet av Havnesjefen.
– Heilt ærleg. Eg ville flytta heile familien langt bort til ein plass dei får fred. Tida til svanefamilien i Os hamn er over, på grunn av hatet mot Havnesjefen. Svanene er ikkje trygge her. Eg vil ikkje at dei skal flyttast fordi at osingar skal vera trygge, men fordi eg vil at svanefamilien skal vera trygg.
Ta hatten og gå
Det skal ifølgje Wiik gå rykte om at personar i bygda ønskjer å ta saka i eigne hender, og ta livet av svanefar. Difor har det vore folk ute og passa på at ikkje det skjer.
– Trur du at nokon kan finna på å prøva å redda Havnesjefen ved å flytta heile familien?
– Det er ikkje godt å seia. Skal ein gjera noko slikt, må ein ha med seg spesialistar som kjenner til korleis ein gjer det. Det spørst om ein får tak i slike personar. Det vi kan gjera i mellomtida er å gå på kommunen. Eg meiner at dei kan ta hatten og gå heile gjengen, seier Wiik.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ingen annan utveg
Ordførar Marie Bruarøy skulle inderleg ønskja at menneske kunne leva i pakt med naturen på Osøyro.
– Det har vore kjekt med svana, men konsekvensen av at folk har vore stygge med han over mange år, er at han er blitt utruleg aggressiv. På bakgrunn av det har eg full forståing for vedtaket som blei gjort måndag, seier Bruarøy.
– Har du tru på at underskriftskampanje og protestar kan føra fram?
– Nei. Vedtaket er fatta etter grundig vurdering av fagfolk frå landbruksavdelinga. Eg ser diverre ingen annan utveg, seier Bruarøy.