- Eg er utruleg skuffa
To gonger sist veke blei det observert ein spinnande bil på kunstgraset i Eikelandsosen. - Eg forstår det ikkje. Det er ikkje vits å bli forbanna eller sur, men eg er utruleg skuffa, seier Richard Markhus.
I 2012 starta Eikelandsfjorden idrettslag å sysla med tankar om ein kunstgrasbane. Denne blei konkretisert året etter, før finansieringa var på plass i 2014. I september 2015 stod banen ferdig, etter iherdig dugnadsinnsats.
- Det blei lagt ned tusenvis av dugnadstimar i arbeidet med banen. Dugnadstimane har ikkje minska etterpå heller. Aktiviteten i fotballgruppa er dobla etter at vi fekk kunstgraset, og det er alltid nokon som nyttar tilbodet. Det vera seg til fotball eller andre aktivitetar, seier Markhus, som er leiar i idrettslaget.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Dei prøvde å riva opp dekket
At nokon tek seg inn på kunstgraset med bil og spinn rundt, er eit tydeleg forsøk på å prøva å øydeleggja for andre, meiner Markhus.
- Ein kan sjå at dei har prøvd å riva opp dekket. Heldigvis har dei ikkje lukkast. Det seier kanskje noko om at denne typen kunstgras og leverandøren er god. Ein kunne sjå på spora at dei har tråkka til, men heldigvis har dei ikkje lukkast i å spinna banen i sund, seier Markhus.
Naboane oppdaga aktiviteten
Natt til laurdag førre helg blei det observert ein mørk sedan på kunstgrasbanen i Eikelandsosen. Politiet blei varsla av Markhus etter at han hadde blitt varsla naboar som var vitne til hendinga. Dei fortalte at bilen hadde køyrd sikk-sakk og skrensa rundt på kunsgras-dekket.
- Eg ønskjer å skryta av naboane i Stallabrotet som oppdaga dette. Hadde det ikkje vore for dei, så hadde ikkje politiet hatt opplysningar å gå etter. Det er heilt avgjerande at dei var vakne, og fekk med seg dette, seier Markhus.
Flytta på hindringane
Etter denne hendinga tok Markhus affære. Banen var ikkje sikra, og det var fri ferdsel inn på banen for køyretøy. Markus fekk på plass kjetting mellom tønner, for å sperra vegen. Det skulle visa seg å ikkje vera godt nok. Natt til fredag sist veke, blei ein annan bil observert på kunstgraset. Denne gongen ei lys stasjonsvogn.
- Dei har flytta på tønnene for å få slakk i kjettingen, slik at dei kunne køyra over, og inn på banen. I dette tilfellet er det heilt klart at dei med forsett ville øydeleggja, då dei har jobba for å ta seg inn på banen. Det er innbrot. Vi kjem til å setja opp bom, men dei som vil inn på banen kjem til å klara det uansett, seier Markhus.
Han legg til at det er blitt snakka om å gå vakt kring banen for å følgja med, i håp om å kunna ta nokon på fersk gjerning om dei skulle koma attende. Det er også snakka om kameraovervaking.
- No er saka opplyst i media, og eg har lagt ut ei melding på Facebook-gruppa Kvardagsprat i Fusa, så eg reknar med at dei som har gjort dette er klare over at vi følgjer med, seier Markhus og legg til:
Artikkelen held fram under annonsen.
- Eg ønskjer å ha tillit til ungdomen. Eg kan ikkje tru at nokon vil øydeleggja for ålmenta på denne måten.
Ikkje eit særtilfelle
I helga var Markhus på årsmøte for Hordaland fotballkrins. Der fekk han høyra at hendingane i Eikelandsosen ikkje er unike.
- Det er ikkje ofte det skjer, men det har skjedd andre stader i krinsen også. Det er utruleg at nokon gjer slike ting. Det er kanskje eit signal om at ein må ha fleire gode tilbod til dei som ikkje spelar fotball, seier Markshus, som legg til at ein uansett ikkje kan bruka aktivitetstilbodet som orsaking for å gjera skadeverk.
- Dei veit at dette ikkje er lov. Det er det same som å køyra ut på marka til ein bonde og øydeleggja marka. Vi har ikkje råd til å få skade på kunstgraset. Dette kan beløpa seg til ein million kroner.
Skulle banen måtte stengjast som følgje av hærverk, er det krise for idrettslaget.
- Det er alt sprengt kapasitet på banen. Vi har måtta få hjelp og ta i bruk andre banar for å kunna avvikla kampar og treningar. Om nokon få personar hadde øydelagt for alle utøvarane og frivillige, trenarar og foreldre, så hadde det vore ein skikkeleg nedtur, seier Markhus.
Interesserte i tips
Politiet har sagt i frå om at dei kjem til å slå hardt ned på dette, og at dei ser alvorleg på saka.
- Vi er interesserte i tips i saka. Dei som har gjort dette, kan venta seg bot, og det er stor sannsynlegheit for førarkortbeslag. Det som nok vil vera verst for dei som gjer dette, er om det blir skade på banen. Då blir det retta erstatningskrav på reparasjon av banen. Ein slik reparasjon kan fort bli dyr. Beløpet kan gjerne bli sekssifra, fortalte politibetjent Anders Opsal til Os & Fusaposten fredag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Opsals kollega, Kjartan Svendsen, fortel at dei jobbar med opplysningane dei har fått i saka.
- Vi er framleis interesserte i tips i saka. Etter at saka blei omtalt i media fredag, har vi ikkje hatt nye tilfelle av køyring på kunstgraset. Det kan verka som at omtala har hatt førebyggjande effekt, ikkje minst ved at ein der fekk sjå kva verdiar ein var i ferd med å øydeleggja for. Om nokon blir tatt for dette, vil dei bli meldt av politiet, seier Svendsen.