Naudetatar: Naudetatar har rykt ut til Søfteland. (Illustrasjonsfoto)

E39 vart stengd etter trafikkulukke. Opna for trafikk att

Naudetatar rykte ut fredag kveld ut til ulukke på E39 ved Kalandseid.

Like før kl 18 fredag kveld rykte naudetatane ute etter melding om ei trafikkulukke. Det vart fyrst meldt at ulukka skjedde på Søfteland ved ErAn på E39. Sidan vart det korrigert til Kalandseid.

– Det er ein lastebil som ligg ganske langt utfor vegbanen på eit jorde. Vurderinga no er at den skal bli liggjande der til i morgon. Det er ikkje farleg gods i lastebilen, seier operasjonsleiar Stine Mjelde til BT.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sjåføren skal ha kome seg ut av lastebilen på eiga hand.

Vel kl 18.30 er det kø på vegen, men mogleg å passera, etter at vegen ei stund var stengd etter ulukka.