Det aller fyrste spadetaket er det Terje Søviknes som skal stå for.
Det aller fyrste spadetaket er det Terje Søviknes som skal stå for.

E39-start på Os-sida

Tysdag vert ein ny E39-milepåle markert. Då startar bygginga frå Os-sida.

Regiondirektør i Statens vegvesen, Helge Eidsnes, vil ynskja velkomen. Det vert kort helsingstale fra Veidekke AS. Det aller fyrste spadetaket er det Terje Søviknes som skal stå for.

Prosjektet E39 Svegatjørn - Rådal er, med ei kostnadsramme på 6,5 mrd. kroner, det nest største vegprosjektet i Statens vegvesens historie.

Artikkelen held fram under annonsen.

Kontrakten mellom Statens vegvesen og Veidekke om bygging av veg og tunellar frå Svegatjørn i Os til Rådal i Bergen, med ein kontraktsverdi på 2,3 mrd. kroner, er den største enkeltkontrakten vegvesenet nokon gong har underteikna.

Markering tysdag vert ved Ulvenparken kl 16.