Snøhetta)
Snøhetta)

E39 på land: snudde ja til nei

Fylkesrådmannen ønskte å gå vidare med utgreiinga av dagløysing på Søre Øyane. I ettermiddag sa eit breitt politisk fleirtal nei.

I ettermiddag vart det halde ekstraordinært møte i samferdsleutvalet på Sandven Hotell i Norheimsund, der planprogrammet for E39 var einaste sak. Eit stort fleirtal gjekk inn for å endra på ein vesentleg setning i fylkesrådmann

Rune Haugsdal sitt framlegg til innstilling.

Artikkelen held fram under annonsen.

Haugsdal sitt forslag: "Fylkesutvalet er samd med departementet si innstilling om at trasealternativet med dagline over Søre Øyane er lite aktuelt, men at det likevel bør utgreiast som eit alternativ».

Eit breitt politisk fleirtal endra eit men til eit og: «(.) og at det ikkje bør utgreiast vidare som eit alternativ». Uendra frå innstillinga gjekk formuleringa om at alternativet «har store konsekvensar for friluftsliv, natur, kulturmiljø og landskap».

Både Høgre, Frp, Ap, Venstre, KrF og Senterpartiet gjekk inn for dette. Dermed er det svært sannsynleg at dette vert den endelege innstillinga frå fylkesutvalet, som har møte neste veke.

Nei til motorveg fekk ei røyst

SVs Tom Roger Skauge røysta ikkje for dette, men hadde eit alternativt framlegg til vedtak:

"Planprogrammet for E39 syner at motorveg med fire felt med fart på 110 km/t fører til uakseptabel øydelegging av verdfull natur i Sunnhordland, over Bjørnafjorden og i Os. Planprogrammet for E39 syner at motorveg med fire felt med fart på 110 km/t fører til uakseptabel øydelegging av verdfull natur i Sunnhordland, over Bjørnafjorden og i Os.

Alle traseval vil gje ein firedobling av trafikken i høve til trafikktala i dag. 14000 ÅDT (passerande bilar på ein dag) vil gje trafikkaos i møte med det overbelasta vegnettet i Bergen.

Motorvegprosjektet strir mot våre klimamål og mål om at all trafikkvekst i byane skal koma med kollektivtilbod, sykkel eller gange.

Planutgreiinga for E39 Hordfast midtre trase må stoggast. Fylkesutvalet ber departementet koma attende med ny utgreiing om alternativ trafikksikker tofelts veg i indre trase og med eit alternativ for miljøvenlege ferjer.

Artikkelen held fram under annonsen.

Hordfast er eit gigantisk vegprosjekt utan truverde og realisme der kostnadene allereie er langt høgare enn det som KVU og KS1 la til grunn. Den sterke uroa i Os og i andre bygder som vert råka gjer at ein må rekne med at prisen vil auka kraftig i vidare prosjektering.

Den akutte situasjonen for E16 er livsfarlig både for bil- og tog trafikken. Samferdselsminister Solsvik-Olsen har gitt klare signal om at Hordaland må velja mellom prosjekta. I revidert nasjonalbudsjett blei det ikkje framlagt noko om strakstiltak for å sikre Vossebanen og E16."

Dette framlegget fekk berre SV si eine røyst.