E39: Fyrste tunellsprenging er unnagjort
Nok ein milepåle i E39 Rådal-Svegatjørn-prosjektet. Tunelldrivinga er i gang.
Det er anleggstunnelen på Hamre i Fana som er først ute. Den fyrste sprenginga var gjennomførd torsdag.
Dette skal bli eit tverrslag på kring 250 meter tett ved fv 167 Hamrevegen.
Artikkelen held fram under annonsen.
- Når anleggstunnelen, er ferdig vil entreprenøren ta til med driving av tilsaman fire løp av den 9,2 km lange Lyshorntunnelen. Det blir to løp nordover i retning Rådal i Bergen og to løp sørover mot Endalausmarka i Os, fortel kommunikasjonsrådgjevar i Statens vegvesen, Geir Brekke.
Prosjektleiar Sverre Ottesen omtalar tunelldrivinga som ein viktig milepåle i prosjektet.
Framover vinteren og våren kjem det i gang arbeid på fleire tunellanlegg på E39-prosjektet.