Dynka stereoanlegg med tennvæske og tente på
Ein 22 år gammal mann frå Os er tiltalt for grovt skadeverk og kan få inntil seks år i fengsel.
Om kvelden 23. mars 2015 skal tiltalte ha stabla delar av eit stereoanlegg opp mot ein vegg i Torggata 2 i Os, dynka dette med tennvæske og tent på. Det oppstod brann og røykutvikling. Bygninga blei påført skader for 782.655 kroner. Det vil bli lagt ned påstand om erstatning til fornærma for skadane. Dette er delar av tiltalen mot osingen.
Store mengde narkotika
I oktober i fjor gjekk politiet til ransaking på bustaden til tiltalte. Der fann og beslagla politiet 59,23 gram amfetamin, 54,5 gram cannabis satvia, 5,58 gram cannabisharpiks, ein liter tablettar som inneheld amfetamin, 0,20 gram MDMA og 0,07 gram DMT. I januar var politiet på ny på ransaking i bustaden til vedkomande. Då beslagla dei 195,24 gram cannabisharpiks. I tiltalen mot den unge mannen er det lagt vekt på at lovbrotet er grovt, særleg vert det lagt vekt på mengda stoff.
Artikkelen held fram under annonsen.
I tillegg til dette er mannen tiltala for å ha stole 23 flaskar øl frå Joker Os Sentrum i mars 2015, same dag som eldspåsetjinga. Han er også tiltalt for brot på straffelova § 352 a. I samband med pågripinga etter forholdet på Joker Os, hadde han på seg ein tapetkniv og ein kjøkenkniv med eit knivblad på 17 cm. Det vil bli lagt ned påstand om inndraging av desse knivane.
Saka mot den unge mannen startar i Bergen tingrett i februar i 2018.