Ferga ligg no ved kai, men tek framleis inn vatn. Dykkarar frå Os er på veg til Varaldsøy, og har med seg utstyr til å inspisera skroget nærare.
Ferga ligg no ved kai, men tek framleis inn vatn. Dykkarar frå Os er på veg til Varaldsøy, og har med seg utstyr til å inspisera skroget nærare.

Dykkarar frå Os skal inspisera ferjeskrog

Brannvesenet i Os har sendt fire dykkarar til Varaldsøy for å bistå etter at ferje tok inn vatn midtfjords.

Torsdag morgon tok MF «Hordaland» til å ta inn vatn under overfarten mellom Årsnes og Varaldsøy i Kvinnherad.

Det var 13 passasjerer om bord og eit mannskap på seks. I følgje NRK Hordaland vart brannvesenet tilkalt, men ferga kom seg til land ved Varaldsøy for eiga maskin.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det ble ikke noen voldsom dramatikk for personene som var involvert. Fergen kom seg til kai, og alle passasjerer og biler er nå i land, sa Utåker til NRK litt før klokka 09.

Ferga ligg no ved kai, men tek framleis inn vatn. Dykkarar frå Os er på veg til Varaldsøy, og har med seg utstyr til å inspisera skroget nærare.

Hovedredningssentralen melder på Twitter at båtar og eit Sea King-helikopter frakta pumper til staden etter hendinga.

Etter at ferja kom seg til land, har ein klart å pumpa ut meir vatn enn ferja tek inn.

jostein@osogfusa.no